Honning frå eigen bigard


På Kartveit Gard har me tusenvis av medarbeidarar som jobbar iherdig for å lage honning. Her  i området bugnar det av blomar, bærbuskar og lyng som dei kosar seg med, og lagar deilig, søt honning. Honningen slynger me her på Kartveit, og klargjer til salg. 

 

Bigard


Me starta bigarden vår med to kuber sommaren 2020. No har me auka til 3, og gler oss til vidare vekst. Kvar kube har kring 20-30 000 bier, med ei bidronning kvar. Dronningene våre har navn frå norske dronninger. No har me dronning Maud, dronning Katarina og dronning Ragnhild. Vil du vite meir om desse dronningene? Les meir her....

Bigarden ligg slik til at me er i nærleiken, og kan sjå til biene når det trengs. Oline på 3år gler seg til å få eigen bidrakt, slik at ho kan vere med. I påvente av det, får ho studere biene som ikkje har klart seg.. Og sjølvsagt smake den deilige honningen! 

Honningproduksjon


Når biene har laga honning, og klargjort den, hentar me den frå kubene. Då skal honningen slyngast, rørast og tappast på glas. Det er ein omfattande prosess, men på denne måten får me det aller beste resultatet, med alle næringsstoffene honningen har med seg. 

Sal av honning


Ønskjer du å kjøpe honning av oss? 

Me har ulike storleikar og priser. 

Ta kontakt med oss for å vita meir.

Bigarden vår er sertifisert for å sikra at biane våre ikkje har farlege sjukdomar som kan trua bifolket, naturen rundt eller kvaliteten på honninga. Dette er tryggare for naturen, biane, oss og alle som et den gode honninga vår.


Saman vert me gode! Difor er vi medlem i Bergenske og Sotra Birøkterlag. Om du ønskjer meir informasjon om biar eller kva eit birøktarlag driv med, kan du vitje Bergenske og Sotra Birøkterlag eller Norges birøkterlag

Dronningar på Kartveit

Dronning Maud I

Dronning i kube 1

Dronning Maud I er ein flittig bie som legg mykje egg. Ho har det så travelt at ho må verte mata av dei mange medhjelparane. Dette er ikkje noko uvanleg oppførsel - faktisk så vært alle dronningar mata av hjelpearbeidarne. 


Fakta:

Født: 2020

Farge: Blå

Gemytt: Rolig og avbalansert

Familie: opp til ca 30-40.000 bier samtidig.


Dronning Katarina I

Dronning i kube 2

Dronning Elizabeth I er mykje lik sin nabodronning, mest opptatt av å legge egg i yngelrommet. Etter nokre mislykka forsøk for å finne ho i fjor sommar, konkluderte birøkterne med at vart ho var tapt - og innføring av ny dronning vart satt i gang. Til den store overraskinga så vart ho observert over dronningitteret (spør om du lurer på kva dette er). Då hadde allereie biane teke livet av den nyinnførte dronninga. Det vart mykje styr og spørsmål frå dei ferske birøktarane - men det heile endte godt med at Dronning Elizabeth I vart flytta tilbake til yngelrommet - og eggleggings startet igjen.


Fakta:

Født: 2020

Farge: Blå

Gemytt: Rolig og avbalansert, men litt nervøs for de vimsete birøkterne sine

Familie: opp til ca 30-40.000 bier samtidig.

Dronning Ragnhild I

Dronning i kube 3

Dronning Ragnhild I kom til Kartveit Gard høsten 2020. Dei hadde då gitt store mengder med delikat honning til ein annan birøkter i området. Dronninga med arbeiderne vart kalla rolege og samarbeidsvillige - noko vi er spente på å få teste dei neste månadene. Så langt verker det ut som dei synes det er ok å bu vedsiden av dei yngre kubane. 


Fakta:

Født: 2019

Farge: Grønn

Gemytt: Verkar rolig

Familie: opp til ca 30-40.000 bier samtidig.

Dronning Gyda I

Dronning i kube 4

Dronning Gyda I er ein avleggar frå Dronning Ragnhild som vi satt sammen med lukka yngel frå Dronning Katarina. Det tok ei stund får å få fram Dronning Gyda, men etter to forsøk med overføring av egg frå Dronning Ragnhild lukkast biene å får fram Dronning Gyda. 

Ho har no styrka bifolket sitt og er ein flittig egglegger. Vi ser fram til neste år når bifolket er sterkt nok til å produsera honning for oss.


Fakta:

Født: 2021

Farge: Kvit

Gemytt: Rolig og positiv

Familie: Til neste år vil ho klara å byggje opp ein familie på ca 30-40.000 bier samtidig.