Honning frå eigen bigard


På Kartveit Gard har me tusenvis av medarbeidarar som jobbar iherdig for å lage honning. Her  i området bugnar det av blomar, bærbuskar og lyng som dei kosar seg med, og lagar deilig, søt honning. Honningen slynger me her på Kartveit, og klargjer til salg. 

 

Bigard


Me starta bigarden vår med to kuber sommaren 2020. No har me auka til 7 kuber, og gler oss til vidare vekst. Kvar kube har kring 20-30 000 bier, med ei bidronning kvar. Dronningene våre har navn frå norske dronninger. Så langt har me Dronning Maud, Katarina, Ragnhild, Gyda, Åsa, Josefine og Malmfrid. Alle er av typen Buckfast. 

Bigarden ligg slik til at me er i nærleiken, og kan sjå til biene når det trengs. Oline på 5 år synes og det er spanande med bier. Innimellom er ho med i bigarden, og det er veldig kjekt.

Honningproduksjon


Når biene har laga honning, og klargjort den, hentar me den frå kubene. Då skal honningen slyngast, silast, rørast og tappast på glas. Det er ein omfattande prosess, men på denne måten får me det aller beste resultatet, med alle næringsstoffene honningen har med seg. 

Sal av honning


Ønskjer du å kjøpe honning av oss? 

No har me hausthonning på lager.

Dette er honning som biene har produsert i perioden mellom slutten av juli og fram til byrjinga av september. Honninga har ein stor andel lyng, men og ulike smakar frå seinsommarblomar. Honninga er rørt og er kremet i formen, perfekt på børdskjevo, i teen, i grauten, i baksten, eller som ein herleg del av eit oste og kjeks måltid. 


Vi selg hausthonningen i følgande glas:

  • 125 gram
  • 250 gram
  • 450 gram
  • 1 kg (plastbeger)


Honninga kan kjøpast:

  • Ved direkte kontakt (nettside, telefon og facebook)
  • www.matfra.no




I år har me deltatt på to ulike messar, Ullveko i Amfi Knarvik og Julemessa i Radøyhallen. Å delta på messar utruleg kjekt, så det kjem vi til gjera igjen.


Bigarden vår er sertifisert for å sikra at biane våre ikkje har farlege sjukdomar som kan trua bifolket, naturen rundt eller kvaliteten på honninga. Dette er tryggare for naturen, biane, oss og alle som et den gode honninga vår.


Saman vert me gode! Difor er vi medlem i Bergenske og Sotra Birøkterlag. Om du ønskjer meir informasjon om biar eller kva eit birøktarlag driv med, kan du vitje Bergenske og Sotra Birøkterlag eller Norges birøkterlag