FAMILIEN

KARTVEIT SUNDSBØ

Vi er ein familie på fem - Gudveig, Odd Martin, Mary-Ann, Oline og Alma.

I 2020 overtok vi familiegarden til Gudveig, som ligg i det vakre kulturlandskapet på Kartveit, Radøy. Her har vi nydeleg utsikt utover flotte naturområder på Radøy, med Masfjordfjell som  bakgrunnen mot øst, Salhus mot sør, Øygarden i vest og Toska mot nord. Likevel ligg garden lett tilgjengeleg frå fylkesvegen. 


Vi er ein kreativ og aktiv familie som liker store og små prosjekt. Det er mange moglegheiter på ein gard, og nett no ser vi på prosjekter for å få garden til å vakse  - ikkje i areal og meter - men i produksjon og besøk. Vi ønsker å skape ein gard som er viktig for nærområdet, tek miljøproblema på alvor, og som binder bru mellom dei som bur her men og dei som kjem på besøk. 


Kulturhistoria i nærområdet er viktig, og vi vil være ei av aktørane som tek historia på alvor og som er stolt over denne - men samtidig byggjer bruer mellom fortida og nåtida, og framtida. 


Kontaktskjema