SAUEDRIFT



Me brukar mykje tid saman med sauene våre, og ser at dei trivst når dei har det godt. Derfor ser me til at dei får gode beite, godt inneklima og at lamma får ein god start på livet. 


Sauene våre er av rasen NKS, Norsk Kvit Sau. Dei er tilltsfulle og tamme, og me har nær kontakt med dei året rundt. Under lemming bur me nesten hjå dei døgnet rundt;-) 

Sjølv om sauen er flokkdyr skin personlegdomen deira gjennom....


Sauene har gode beite på heimgarden. Kjøtet vert sunt og godt, akkuratt slik det skal vere! 


Me er registrert som Nisje-produsentar hjå Nortura. Det vil sei at vi kan kjøpe tilbake eige kjøtt frå Nortura og selja det til privatpersoner. 


Ønskje du å kjøpe lammekjøtt av oss, så ta kontakt i løpet av august så kan me avtala leveranse. Vi leverer lam til Nortura vanlegvis 2-4 gongar om hausen.


Vi har og starta med å produsera skinn frå lam. Første runde gav gode resultat, så i fjor sendte me nokre skinn til garving som me ventar på å få i retur. Ta kontakt dersom du er interessert i å kjøpa skinn frå Kartveit Gard :)