Kven er vi?

Kartveit gard - eit levande småbruk

Kartveit Gard ligg på Kartveit i Alver kommune omkransa av vakker kulturlandskap som er pleia i generasjonar. Vi overtok garden i mars i 2020 av Gudveig sine foreldre. Gården har vore i hennar familie i fleire generasjonar - heilt tilbake til 1748. 

Vi er stolte av å få moglegheiten til å drive gården vidare i slekta.  

NYHEIT


I år er vi stolte av å verta ein del av SMAK AV NORDHORDLAND UNESCO BIOSFÆRE. Saman med ein rekkje dyktige lokale matprodusentar kan vi tilby sunn og trygg mat produsert lokalt i Nordhordland. Vi trur at biosfæren i Nordhordland er særs god for å kunne produsera sunne, trygge og bærekraftig mat. Den variert naturen er og viktig for god dyrevelferd og trivsel for dei som bur her. 


SAU


Hovedproduksjonen på garden i dag er sau.

Vi har like under 20 vinterfora NKS (Norsk Kvit Sau).

Desse beitar om på gode kulturbeiter på Kartveit og omeng. 

BIGARD


Vi har 7 bikubar som produserar herleg honning.

Vi sel honning i ulike smakar og storleikar, båe rørt og flytande - sjølvsagt heilt naturleg  

Vi har stor tru på at kulturlandskapet rundt oss skal gje biene våre ein god stad å bu - og samtidig gje oss sunn kvalitetshonning.

TURISME


Det gamle hovudhuset på garden vart totalrenovert i 2009 for å kunne nyttast til utleige for turistar. Her kan ein nyta staden i eit triveleg tømmerhus frå midten av 1800-talet. Huset har ein eigen sjarm der gamle byggetradisjonar går hand i hand med nye fasilitetar. Her er det blant annet tømmervegger, tregulv, to fliselagte bad og vannbåren varme. 

Sjekk ut linken under for meir informasjon og booking.

Hjarteleg velkomen til "Gamlehuset"

JULETRE


Kvart år sel vi juletre frå våre sjølvhoggst juletreskogar. Vi har tre område med juletre i ulike storleikar, så her skal det vera mogleg å finna det perfekte treet for dykk! 

Juletrea er av type Nordmannsedelgran og Fjelledelgrann.


Treng du hjelp til å hogga eller å finna det rette treet?

Ta kontakt så hjelpar vi deg med dette.